mandag 26. januar 2009

Nusse stakk av - ikkje slik som vanleg!

Ja, du las rett. Nusse stakk av.
Eg kan begynne frå begynnelsen:
Eg rensa buret til kaninene. Eg hadde fått høy no, så eg kunne gje høy til dei.
Eg merka at veggane til Nusse var nokså skittne. Eg henta ein våt klut og begynte å vaske. Eg tok igjen døra, så eg skulle sjå om det såg nokonlunde bra ut.
Eg fortsatte med neste dør... osv..
Nusse hadde vore i uteburet mens eg rensa buret, så eg skulle ta han inn.
Eg tok han inn og låste døra. ( Men det var berre eine eg låste igjen! )
Når klokka var ca. 1 for eg inn. Det var då han sikkert hadde skubba opp soveromsdøra si og fått seg ut..
Nokre timar etter ringde ei venninne av meg. ( Ho som er blind )
Eg for ned til henne. Klokka fire kom eg att.
Rundt fem fekk mamma besøk, så eg var her inne ( som eg sit no )
Når venninna til mamma for, var klokka halv seks. Eg gjekk ut her i frå, og for inn på kjøkkenet. Mamma var der også. Ho kika ut vindauget..
-Nusse er i uteburet, ikkje sant?, spurde ho
-Nei, kva då?, svarte eg
-Døra er opa!
-Hæ!, sa eg høgt og forundra
Eg sprong ut bakdøra, rett til Nusse sitt bur og såg.
Han var ikkje der!
Eg sporong inn, henta lommelykt og kika rundt om kring.
Eg gjorde teikn gjennom kjøkenvindauget til mamma om at han ikkje var der.
Eg visste ikkje om ho forstod , så eg gjekk inn og sa det.
-Eg kjøm ut snart, sa ho.
Eg lyste litt til, og så for eg inn, så eg skulle få ei betre lommelykt.
Etter kvart kom mamma også ut.
-Har du funne han?, spurde ho
-Nei, svarte eg
---
Plassane vi leita:
-På heile vår eigendom
-På heile GE sin eigendom
-På heile J sin eigendom
-På marka ved garden oppom huset
-På veiane rund om nabohusa.
-I grøftene
-I alle buskene rundt om kring
---
Vi hadde også satt opa døra, så han kunne hoppe inn om han fann vegen heim.
Etter ein og ein halv time- nesten to timar, høyrde eg stemmer.
-Olaug, høyrde eg.
-Har dåkke funne han??, spurde eg uten eg visste heilt ken eg snakka med.
Når alt kom til syne såg eg: Mamma, to gutar ( to nabogutar som er nokre år yngre enn meg ) og....... Nusse?

3 kommentarer:

arieldog sa...

Huff, kor redd du må ha vore! Fint det gjekk bra til slutt...

Besta sa...

Det var no godt at du fekk att Nusse.Det er ikkje trygt for kaninar å gå ute om natta.Men det forstår vel ikkje han.

Olaug sa...

Nei, han gjer vel ikkje det.. Eg frostår ikkje heilt korleis han kom på å få seg ut der, då men.