søndag 4. januar 2009

Hardt med kulde for dei små ute
















I dag tidleg ( ca. klokka 12 ) var det 10 minusgrader og sol. Etter kvart for sola mog det vart meir grått som vanleg..
Eg måtte ta inn flaskene til kaninene og legge dei i ein isboks med kokande vatn.
På bildet med kaninburet (øverste?) ser det ut som det er lite snø, men det er mykje meir!
Dei fekk seg meir høy i dag, for de var så kaldt. Så no er det nesten ikkje meir høy igjen..
Eg lurer veldig på kor vi skal få tak i høy, for marka vi laga høy av, er no fjerna.
Til nød kan vi vel sikkert bruke nokre hundrelappar for ein sekk, men det er frykteleg dyrt når ein bur her og har to kaniner!
Eg har også gått på ski med ei venninne eg gjekk i klasse med frå 1-5 .
( Vi kom dessverre ikkje i samme klasse på Hareid. )
No må eg snart til å skifte vatn til kaninene igjen...

1 kommentar:

arieldog sa...

Eg skreiv ein kommentar her, men den er ikkje blitt lagra. Poenget: vi har høy i løda 8det er blitt hoppa i, men elles fungerer det fint).