søndag 12. april 2009

Vår

Kaninene har bytta ei stund på å vere ute i det siste... Det er fordi vi berre har eit utebur til kaninene. Om sommaren har vi ei diger innhegning til dei. Nusse er den kanina som brukar den mest. Han er stor, tung og god pelsfarge. Om fuglar prøvar seg på han, har dei ikkje store sjansar. Mens Marlon er liten, tynn og kvit. Han får bruke uteburet mest i sommar, for der er tak. Innhegninga laga eg og pappa i fjor sommar. Den er så stor at vi ikkje hadde nok netting til tak, men det har gått bra uten tak på den. Begge bura står inni innhegninga. Eg har tatt rikleg med bileter, men har ikkje lasta ned programmet eg treng for å få bileta inn på dataen.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det blir vel ikkje så lenge før du kan by kaninene på fersk løvetann no? Marlon kan vel vere i innhegninga viss du er ute og passar på? Fuglane torer seg vel ikkje til å ta han viss du er i nærleiken.

Olaug sa...

Dei kan fort havne i slostkamp. Men dei kan vere i lag når eg passar godt på.