Som de kanskje har sett på den skikkelege bloggen min, kosekanin, har eg laga til julestong til datamusa, men her har eg tenkt til å lage til ein dyrepot.
Her ser de Nusse i det gamlereiseburet sitt. Han er halvt dvergvedder og halvt løvehode, om eg tar rett. Vi fekk han når han var eit halvt år. Han har normal pels som er viltfarga. Han er kanskje ganske stor til å vere den rasen han er?? Han er to og eit halvt år.
MARLON
Marlon er c. eit halvt år, og ganske liten. Han er av rasen Teddy og dvergvedder. Pelsen er lang og er som Teddymora hans, Nora. Ho er heilt kvit og reint Teddy. Teddy er ein dansk rase. På biletet er Marlon våt, og har kort pels. No er pelsen dobbelt så lang! ( Minst )
Band.
Kaninene mine har kvar sine band til å gå tur med. Det er smart å kjøpe kattebjelle til å ha på bandet om kvelden! Det fins også band som har bjelle frå før. Det gule bandet til Marlon hadde bjelle frå før, mens Nusse sitt blå kjøpte eg ei bjelle. Det kostar 10-20 kroner for ei bjelle. Dei fins i forsjellige fargar.
Bjelle.
Sli ser pakken ut...
Saltstein
Kaniner treng saltstein eller gnagarstein for å slite ned tenna. Det kostar ca. 40 for saltstein, og 20-30 for gnagarstein. Det beste er saltstein... PS: Egentlig er det slik at saltsstein er til å få i seg salt, mens gngarstein er til å slite ned tenna :-)
Tyggeleike
Tyggeleiker ikkje berre for hundar! Her ser du dei nye tyggeleikene til kaninene. Dei er ca. like store som ei vaksa handflate ( kanskje litt større ), og har ei bjelle inni.
Enda meir
Ja, ja... Eg får vel ikkje nok av ting til kaninene mine, eg
2 kommentarer:
Gratulerer med ein blogg til! Forstår ikkje kva eg gjer gale, men eg har berre ein heilt vanleg musepeikar...
Rart...
Legg inn en kommentar