søndag 12. april 2009

Vår

Kaninene har bytta ei stund på å vere ute i det siste... Det er fordi vi berre har eit utebur til kaninene. Om sommaren har vi ei diger innhegning til dei. Nusse er den kanina som brukar den mest. Han er stor, tung og god pelsfarge. Om fuglar prøvar seg på han, har dei ikkje store sjansar. Mens Marlon er liten, tynn og kvit. Han får bruke uteburet mest i sommar, for der er tak. Innhegninga laga eg og pappa i fjor sommar. Den er så stor at vi ikkje hadde nok netting til tak, men det har gått bra uten tak på den. Begge bura står inni innhegninga. Eg har tatt rikleg med bileter, men har ikkje lasta ned programmet eg treng for å få bileta inn på dataen.

mandag 26. januar 2009

Nusse stakk av - ikkje slik som vanleg!

Ja, du las rett. Nusse stakk av.
Eg kan begynne frå begynnelsen:
Eg rensa buret til kaninene. Eg hadde fått høy no, så eg kunne gje høy til dei.
Eg merka at veggane til Nusse var nokså skittne. Eg henta ein våt klut og begynte å vaske. Eg tok igjen døra, så eg skulle sjå om det såg nokonlunde bra ut.
Eg fortsatte med neste dør... osv..
Nusse hadde vore i uteburet mens eg rensa buret, så eg skulle ta han inn.
Eg tok han inn og låste døra. ( Men det var berre eine eg låste igjen! )
Når klokka var ca. 1 for eg inn. Det var då han sikkert hadde skubba opp soveromsdøra si og fått seg ut..
Nokre timar etter ringde ei venninne av meg. ( Ho som er blind )
Eg for ned til henne. Klokka fire kom eg att.
Rundt fem fekk mamma besøk, så eg var her inne ( som eg sit no )
Når venninna til mamma for, var klokka halv seks. Eg gjekk ut her i frå, og for inn på kjøkkenet. Mamma var der også. Ho kika ut vindauget..
-Nusse er i uteburet, ikkje sant?, spurde ho
-Nei, kva då?, svarte eg
-Døra er opa!
-Hæ!, sa eg høgt og forundra
Eg sprong ut bakdøra, rett til Nusse sitt bur og såg.
Han var ikkje der!
Eg sporong inn, henta lommelykt og kika rundt om kring.
Eg gjorde teikn gjennom kjøkenvindauget til mamma om at han ikkje var der.
Eg visste ikkje om ho forstod , så eg gjekk inn og sa det.
-Eg kjøm ut snart, sa ho.
Eg lyste litt til, og så for eg inn, så eg skulle få ei betre lommelykt.
Etter kvart kom mamma også ut.
-Har du funne han?, spurde ho
-Nei, svarte eg
---
Plassane vi leita:
-På heile vår eigendom
-På heile GE sin eigendom
-På heile J sin eigendom
-På marka ved garden oppom huset
-På veiane rund om nabohusa.
-I grøftene
-I alle buskene rundt om kring
---
Vi hadde også satt opa døra, så han kunne hoppe inn om han fann vegen heim.
Etter ein og ein halv time- nesten to timar, høyrde eg stemmer.
-Olaug, høyrde eg.
-Har dåkke funne han??, spurde eg uten eg visste heilt ken eg snakka med.
Når alt kom til syne såg eg: Mamma, to gutar ( to nabogutar som er nokre år yngre enn meg ) og....... Nusse?

tirsdag 6. januar 2009

Resultatet :)

Flaskene har holdt i 10 minusgrader pga. klutane !
Det er ganske bra:-)

søndag 4. januar 2009

Hardt med kulde for dei små ute
















I dag tidleg ( ca. klokka 12 ) var det 10 minusgrader og sol. Etter kvart for sola mog det vart meir grått som vanleg..
Eg måtte ta inn flaskene til kaninene og legge dei i ein isboks med kokande vatn.
På bildet med kaninburet (øverste?) ser det ut som det er lite snø, men det er mykje meir!
Dei fekk seg meir høy i dag, for de var så kaldt. Så no er det nesten ikkje meir høy igjen..
Eg lurer veldig på kor vi skal få tak i høy, for marka vi laga høy av, er no fjerna.
Til nød kan vi vel sikkert bruke nokre hundrelappar for ein sekk, men det er frykteleg dyrt når ein bur her og har to kaniner!
Eg har også gått på ski med ei venninne eg gjekk i klasse med frå 1-5 .
( Vi kom dessverre ikkje i samme klasse på Hareid. )
No må eg snart til å skifte vatn til kaninene igjen...

onsdag 31. desember 2008

OOOPS :D

Når eg lagde denne bloggen, tenke eg at eg ikkje skulle vise den før den var verdig tilaga.
Hittil er det berre eg og mamma som les den. Men no kan vel litt fleire sjå ;)

fredag 19. desember 2008

Ny musepeikar.... igjen

Eg har laga til ein nye musepeikar igjen.. Eg har leitt etter den lenge, men så fann eg den først i dag. Ti dei som vil vete det, fins det vanlege musepeikarar berre i forsjellige fargar også.
Nokon av dei andre i familien, synest det er travlet. Den einaste som ikkje har sagt noko er mamma. Der fins piler som beveger seg også, men det synest til og med eg er travelt!
Ellers har eg bakt peppekaker og våre ute i vik på alle butikkane vi fann! Vi var der nesten i tre timar, så eg vart veldig lei til slutt..
Men no har eg nettopp sett beat for beat, så eg må nok ut å mate kaninene.. Eg rensa forresten heile buret til Marlon i dag. Det regnar inn, så pappa må nok spikre på nokon fjøler. Det var verst når det var snøstorm. Men han ( Marlon ) har no eit rom meg høy som er trygt.

DYREPOT

Som de kanskje har sett på den skikkelege bloggen min, kosekanin, har eg laga til julestong til datamusa, men her har eg tenkt til å lage til ein dyrepot.